Hopp til hovedinnhold

Plassen vart teke i bruk i 1944. Her vart det plassert luftvernbatteri.

Grunnen til at desse vart bygd på Hovden var fordi den tyske marinen skulle kunne verne om eigne skip og konvoiar rundt stad mot allierte flyangrep. Gjennom Hovden går ein 100 meter lang tunnel og frå enden av denne vart det montert ei kabelbane ned til Little-Hovden der det også er sprengt ut ein liten tunnel. Hovdetunnelen har ein sidetunell som er nesten like lang, og endar i ei sjakt. Dette tunnelanlegget er ope, og det er sett opp informasjonstavle ved ein sti opp til Hovden.


Attmed vegen opp til Hovden låg ein leir med russiske krigsfangar som tyskarane sette inn i arbeidet på Hovden. I det harde arbeidet mista mange russarar livet, og dei vart provisorisk gravlagde like ved leiren. Like etter krigen vart gravene flytta til gravplassen ved kapellet i Ervik, og krossen med teksten "Her hviler 21 russere", er teken vare på. Gravene vart seinare flytta til ein eigen gravplass for russiske krigsfangar i Norge. Det ligg ikkje føre sikre tal for kor mange russarar det var i Ervik, men det kunne vere mellom 100 og 120. Heller ikkje talet på dei som mista livet er sikkert, men det kan vere ein stad mellom 21 og 32 krigsfangar.

Delar av tekst henta frå Fylkesarkivet.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • 6750
    • Ervik
    Telefon:
    +47 57874040
    E-post:
    booking@nordfjord.no
    Nettside:

    Hvor er Hovden på Stad | krigsminne?