Kyrkja, som blei reist på grunn eigd av storgarden Hove, er lita, men har utsøkte former som vitnar om ein velståande byggherre. Kyrkja var rivingstruga då arkitekt Peter Andreas Blix (1831–1901) i 1880 kjøpte henne for eigne pengar og sette i gong det omfattande restaureringsarbeidet. Kyrkja er eit monument over bergingsmannen. Skulle seljast stein for stein. Då arkitekt Blix leidde restaureringa av Håkonshallen i Bergen, fekk han tilbod om å kjøpe kleberstein frå Hove-kyrkja, som skulle rivast. Etter at nye Vik kyrkje stod ferdig i 1877, var det ikkje bruk for Hove kyrkje lenger.

For å hindre rivinga kjøpte Blix kyrkja og restaurerte henne etter sine eigne planar og for sine eigne pengar. Interiøret er prega av Blix sine val, og dekoren og inventaret er slik han tenkte seg at det kunne sett ut i mellomalderen. Kyrkjeveggane er dekte av fargesterk dekor, og skipet har ei måla brystning i imitert kvaderstein. Koret er rikt dekorert; alterpartiet er ramma inn av kvadersteinsmåling og har ein kuppel der kvelven er måla i sterkt blått som ein himmel med sol og måne.

Av mellomalderinteriøret er steinalteret bevart, og i alterplata er det eit relikviegøyme dekt av ei marmorplate. Blix eigde kyrkja då han døydde i 1901 og er gravlagd under kyrkjegolvet.

 

  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 150

Kontakt

Adresse:
  • 6893 VIK I SOGN
Telefon:
57 67 88 40
E-post:
hove@fortidsminneforeningen.no
Nettside:
fortidsminneforeningen.no/museum/hove-steinkyrkje/

Fasiliteter

Parkering:

Hvor er Hove Steinkyrkje?