Hopp til hovedinnhold
Bestill

Sylvringen - Hovsåsen rundt i Vik

Vandretur med rast og fotostopp på utsynspunkt

Turen startar i sjøkanten og gjer ein kort stopp på Blix Hotell, der du får utlevert matpakke og vatnflaske. På turen passerer vi både Hopperstad Stavkyrkje og Hove Steinkyrkje, men vi går ikkje inn i kyrkjene. Vidare passerer vi gravhaugane på Hove og andre spennande ting som guiden vil fortelja om undervegs. Etter ei bratt oppstigning stoppar vi for lunsj og fotopause i Hovsåsen. På turen tilbake til sentrum, som blir kalla Øyri, går vi gjennom eit rikt jordbrukslandskap som blei forma etter siste istid. Etter turen håpar vi at du sit igjen med eit minne for livet, og at du set like stor pris på Vikjabygda som vi som bur her gjer.

Viktig informasjon om turen

Start tid: På forespurnad

Tid: 4,5 times tur 12 km

Nivå: medium

Minimum: 12 personar

Pris NOK 695,- pr person

Matpakke, frukt, vatn og kaffi inkludert.

Gode sko og klede nødvendig. Høgste punkt 302 moh.

Velkommen på guida tur med Sylvringen

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Sentrumsgata 44
  • 6893 Vik i Sogn
Telefon:
+47 911 30 843
E-post:
post@sylvringen.no
Nettside:
www.sylvringen.no/en/tours/fjord-tour-with-m-s-arnafjord/?bref=nEKr0xbvwV

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)

Hvor er Hovsåsen rundt i Vik