Hopp til hovedinnhold

Jostedalsbreen nasjonalparksenter ligg i Oppstryn, og er autorisert som besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark. Hovudbygning er bygd etter same prinsipp som eit vikinghus, og er omtrent like stor som det største vikinglanghuset som er funne i Norge.

Inne på senteret kan ein lære om korleis livet i nærleiken av breen har vore gjennom tidene. Her kan ein få kjennskap til dei første breførarane og kva utstyr dei nytta.
Ein kan finne ut korleis landskapet ein ser i dag har blitt påverka av brear gjennom tidene og kva som skjer med isbreane i dag.
Få eit unikt innblikk i dei tragiske og dramatiske Lodalsulukkene gjennom ei digitalisert samling avisutklipp frå 1936.

I den botaniske hagen kan ein nyte den vakre utsikta over Oppstrynsvatnet, fjell, brear og elvar som ligg rundt. Opplev det rike biologiske mangfaldet norsk natur har å by på.
I den geologiske parken kan du sjå 26 bergartar henta frå regionane; Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Bli med på ei geologisk reise gjennom millionar av år.

I tillegg til dette har senteret ein spisesal med 115 sitjeplassar, kafê med sal av kaffe/te og småkaker og ein gåvebutikk med steinsmykker, varer av norsk design, lokalmat, bøker, kart m.m.

Nasjonalparksenteret leiger ut kano (firemanns) og SUP-brett.




Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Fosnes
    • 6799
    • Oppstryn
    Telefon:
    +47 48002997
    E-post:
    mail@visitjostedalsbreen.no
    Nettside:
    www.visitjostedalsbreen.no

    Hvor er Jostedalsbreen Nasjonalparksenter?