Opplev Jostedalsbreen på Ski!
Du kan oppleve Jostedalsbreen på mange måtar. Det er eit enormt rutenett på Norges tak, og det er mange turar du kan gå for å oppleve Jostedalsbreen. Både Brenibba, Kjenndalskruna og Lodalskåpa er ein del av Jostedalsbreen, så du treng ikkje gå i 3 døgn for å oppleve denne magiske isbreen.
Jostedalsbreen på langs er den mest kjende, men også den mest krevande. Denne turen krever at du har med ein autorisert guide, og det er farlig å ferdast på isbreen utan å ha med guide.
Turen på langs av Jostedalsbreen tar 3 dagar, og den orginale ruta går i frå Erdalen i Stryn til Fjærland i Sogn. Langs denne ruta opplever du heile Jostedalsbreen frå nord til sør, med alle dei kjende brefalla og toppane.
For å gå turen, krevs det trening i å gå med tung sekk som er fylt med skifeller, gode kle, sovepose, telt og kokeutstyr. Sjølv om turen er lang og til tider krevande, så er det ein tur som folk i normalt god form klarar fint.