Hopp til hovedinnhold
Bestill

Bli med Fjord Active på juving i Leirdøla! Kjenn korleis adrenalinet boblar når du står på kanten. Du veit du kan hoppe og lande trygt I elva, men tør du? Ta med familie og venner på ei utfordring med leik og moro i elva. Med våtdrakt, hjelm og flytevest er du klar, og turen startar på ein kort sti gjennom skogen.
Passe lang til at du blir god og varm, før du skal kaste deg ut i det friske fjellvatnet. Turen er todelt. Først opp juvet, med symjing over kulpar og lett klatring. Det er utfordrande, men ikkje vanskeleg, og guiden hjelper deg om nødvendig. Del to av turen går ut på å ta deg ned att juvet. Du blir utfordra med lange sklier, korte sklier, bratte sklier, ned fossar og stryk, og du får kjenna på adrenalinet i kroppen.
Fleire plassar får du prøva deg på å hoppa, frå ulike høgder, alt frå 1 meter, til 7-8 meter, og heile tida er du tett på fossar, klipper og rå natur, noko som gjer opplevinga ekstra spennande. NB! Du kan sjølv bestemme om du vil hoppe/skli, eller unngå dette! Her er det ingen tvang! Juving er ein aktivitet som passar både familiar, vennegjengar og par, og den kan tilpassast dei fleste nivå, så lenge du likar å vere i vatn. Turen tek ca. 2 timar, og aldersgrensa er 10 år. Fjord Active stiller med våtdrakt, redningsvest og hjelm.
Du som gjest må ha med ull undertøy (anbefalt) eller badetøy til å ha under våtdrakta og eit par joggesko/våtsko, og gjerne ullsokkar, til å bruke I vatnet.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Leirdalen
  • 6868 Gaupne
Telefon:
+47 470 27 878
E-post:
fjordactive@gmail.com
Nettside:
www.fjordactive.com/

Fasiliteter

Med guide:
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Hvor er Juving i Leirdøla?