Hopp til hovedinnhold
Bestill

Familietur i stødige tandemkajakkar - Årdal

Ei minnerik padleoppleving for heile familien

Bestill her

Bli med Bulder & Brak på ein avslappa og innhaldsrik kajakktur der heile familien kan oppleve naturen frå sjøsida. Denne turen varer i om lag tre timar og passar perfekt for familiar, venegjengar og andre grupper som ønskjer å utforske fjordlandskapet i Årdal på ein trygg og kjekk måte.

Turen går i våre stødige tandemkajakkar, som gjer det enkelt for både vaksne og born å padle saman. For dei som ønskjer det, er det sjølvsagt mogleg å nytte singelkajakkar. De kan velja mellom å padla på det vakre Årdalsvatnet eller på Årdalsfjorden, ein del av den mektige Sognefjorden. Begge alternativa byr på storslått natur, høge fjell, klart vatn og flotte naturopplevingar.

Me tek oss god tid undervegs og tilpassar tempoet etter deltakarane. Det blir rom for pausar, utforsking og kanskje ein tur i land dersom forholda ligg til rette for det. Guiden deler gjerne lokale historier og fortel om naturen og livet langs fjorden, men viktigast av alt er at turen skal vere ei positiv og sosial oppleving for alle som er med.

Turen blir planlagd på dei yngste deltakarane sine premissar. Her handlar det ikkje om å padla lengst eller raskast, men om å vere saman ute i naturen, oppleve noko nytt og skape gode minne i fellesskap. Frå kajakken får de sjå landskapet frå ein heilt annan vinkel, omgjevne av majestetiske fjell og den vakre naturen som gjer Årdal og Sognefjorden til eit heilt spesielt reisemål.

Enten de er på ferie i området eller ønskjer ei annleis familieoppleving, er dette ein tur som kombinerer aktivitet, naturopplevingar og kvalitetstid saman. Ei oppleving der både små og store kan kjenne meistringsglede og oppdage kor kjekt det er å vere ute på tur – saman.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Holevegen 9
  • 6884 Øvre Årdal
Telefon:
97522139
E-post:
post@bulderogbrak.no
Nettside:
bulderogbrak.no/

Fasiliteter

Med guide:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Kajakk familietur - Årdal