Keipen i Balestrand
Turen går fra fjorden til høgfjellet, og gjev eit spektakulært utsyn over Sognefjorden med fjordarmane Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden og dei flotte Fjærlandsfjella. Opplev ei reise fra fjøre til fjell med botanisk mangfald og den beste utsika i området!
Greit å vite (lengde, stigning, terreng, utsikt, krav, utstyr, mm.):
Turen går frå fjorden opp høgste fjellet i området og er innom fleire flotte utsiktspunkt. Terrenget er ikkje teknisk vanskeleg, men turen går i stadvis bratt terreng, og me anbefalar solide fjellsko med god støtte til anklane. Det er lurt å ha med stavar til returen.
Kle som eignar seg for turar i høgfjellet må ein ha med – sjølv om der er varmt og sommar ved fjorden, kan ein møte heilt andre forhold i fjellet. Sørg for du kan halde deg tørr og varm – og i pausane. Du lyt og ha med ei solid niste, nok drikke og ekstra klede. Sjekk vermeldinga på Yr.no Ikkje gå dersom det er sterk vind, mykje regn eller tåke.
Turbeskrivelse
Turen startar ved informasjonstavlen i Esebotn. Følg traktorvegen på vestsida av jordet. Deretter går stien vidare opp mot Yglebotn. I overkant av ein kilometer innover dalen må du krysse elva. Dette er vanskelig før snøen har smelta. Vær forbredt på å vade. Etter elvekryssingen fortsetter stien inn den storslagne Yglebotn, på den gamle stien til fjellstølen i Langedalen. Når du passerar steinen med årstallet "1885" inngravert, tek du stien til høgre som går bratt opp mot Gulleplestølen. Stien går vidare på austsida av Gulleple, og vidare opp sørvest for Bjønnabreen (1400).
Fra Bjønnabreen får du god utsikt vestover frå det høgste punktet. Følg den markante ryggen austoverr ut til Keipen, der du får utsikt rett ned mot Sværefjorden og Esefjorden. Følg den samme ryggen tilbake mot breen, og ta nord/nordvest mot vardane. Du må passera eit lite stykke av breen.
NB: om sommeren og hausten kan det ofte ligge ny, usynlig is på breen, så vær forsiktig og undersøk underlaget før du går utpå. Du kommer på nordsida av Øvre Trollabotnvatn. Stien følger nedover mot Dalsdalsvotni, der du passerer den vetle hytta Erlingsbu. Bua er åpen, og du søke ly om det er dårlig vær eller du trenger en pust i bakken. Følg merka sti frå Dalsdalsvotni, ned forbi stølen Påfunn og gjennom skogen til parkeringsplassen i Dalsdalen.
Vil du ha en lettere variant av turen til Keipen, kan du starte og avslutte i Dalsdalen (300 moh).
Turen er totalt 12-14 km lang, og har ein høgdeforskjel på nesten 1500 målt etter kvar ein vel gå.
Dette er ein lang og fysisk krevjande tur, men naturopplevinga er tilsvarende storslegen!
Turfakta:
Parkering: Parkering i Esebotn
Distanse: 12-14 km
Tid: 7-9 timar
Vansklegheitsgrad: Krevjande tur
Sesong: juni - septemer
Toalett: Vær oppmerksom på at det er ikkje offentleg toalett på turen til Keipen
Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen. Denne turen er lang så ta med ekstra mykje drikke.
Hugs bandtvang.
Førebuing og tips:
Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.
Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt
1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder
Eg er Sognefjord
Transport:
Startpunktet i Esebotn ligger 4 kilometer fra Balestrand langs fv55, i retning Dragsvik.
Kollektivtransport til Balestrand
Det går dagleg buss frå Sogndal/Leikanger/Vik/Høyanger til Balestrand - sjekk buss ruter her
Vestland fylke ruteplanleggar
Flyplass
Sogndal (1,5 time)
Førde: (1 time 40 minutt)
Overnatting i Balestrand