Steinkyrkja i Kinsarvik vart bygd kring 1150-1160, og er i engelsk-romansk stil med rundboga dør- og vindaugsopningar. Ho er ein av dei eldste steinkyrkjene i landet. Kyrkja har hatt ei spanande fortid, og var fylkes-eller fjordingskyrkje for Hardanger. Gjennom tidene har kyrkja hatt ulikt preg. Det som særmerkjer kyrkja i dag er mellomaldertrekka som ved siste restaurering på 1900-talet vart forsøkt framheva. Gudstenester.
Kinsarvik var i mellomalderen opplagsstad for leidangsskip. Segl og mast til leidangsskipa vart lagra på kyrkjeloftet. Kalkmåleri på veggene frå 1200-talet viser erkeengelen Mikael vega sjeler i ei skålvekt. Kinsarvik var i gamal tid samlingsstad for Hardangerbygdene, her var ting, marknadsplass og religiøs kultstad.
Arkitektur og kulturarv
Kinsarvik Kyrkje
Kinsarvik
Kilde: Visit Hardangerfjord
Kontakt
- Adresse:
- Kinsarvik
- 5780 Kinsarvik
- Telefon:
- 53 67 15 40
- E-post:
- Nettside:
- ullensvang.kyrkjer.no/Kyrkjelydane/Kinsarvik
Fasiliteter
- Sesong:
- Sommer