Hopp til hovedinnhold

Turbeskrivelse
Denne nærturen byr på ein smakebit av ekte klatring - det vi kallar bratt friluftsliv. Like utanfor Voss ligg klatreklippene ved Staup. Her har vi reinsa fjell og etablert bolta klatreruter som passar for både ferske og meir erfarne klatrere. Det spesielle med desse klippene er dei naturskjønne omgivnadene og den korte avstanden til Voss. ​

Deltakarane får prøva seg på klatring tilpassa nivået sitt. Her finst det ingen krav til prestasjonar. Du bestemmer sjølv kvar høgt og kor mykje du vil klatra. Viss du er klar for ei utfordring kan du få bryna deg på den høgaste ruta på klippen - rundt 30 meter høg.

Det blir og høve til å prøva rappell. For å komma i posisjon følgjer vi dei faste taua opp til toppen av klippene. Dette er i seg sjølv ein flott og spennande oppleving, då vi passerer tett på fossen til elva Breimo. Du rappellerer sjølv ned til bakken, med ekstra tausikring.

Klatreopplevelsen kan lett blir kombinert med ein vandretur i nærområdet. Det vakre Staupstunet ligg berre nokre steinkast unna, og er vel verd eit besøk. Stien mot stølane Moldbakken og Breiming startar like ved klippene, og går i flott skogsterreng forbi jettegryter og vakre fossar. Guiden vår tar deg gjerne med på ein vandretur med omvisning på Staupstunet før eller etter klatringa.

Kva får du oppleva?
Klatring gir deg ei kjensle av glede og mestring. Kjensla av høgde kombinert med den fysiske og mentale utfordringa krev at du er konsentrert og løsningsorientert. Klatring er derfor ein glimrande måte å tømma hovudet for alt anna - og berre vera til stades i din eigen utfoldelse. Den flotte fossen og det idylliske kulturlandskapet nær klippene skaper ei stemning av ro og bidrar til ei flott naturoppleving.

Sesong
Denne turen kan bestillast kvar dag i perioden 20.mai til 25.oktober. Klikk «Kjøp klatreopplevelse no» for å bestilla.


Krav til deltakarar
Du treng ikkje å ha klatra før. Denne turen passar for nybegynnarar, familiar, unge og eldre, spreke eller utrena. Vi legg opp dagen i samsvar med føresetnadene dine og ønsker.

Nødvendig bekledning og utstyr
På denne turen treng du:
Gode tursko. Joggesko er godt nok om sommaren.
Vind- og vasstette klede ved behov.
Varm genser eller jakke.
Solbriller og solkrem.
Drikkeflaske og litt tursnacks.

Wild Voss stiller med alt nødvendig tryggingsutstyr og klatreutstyr (sele, hjelm, tau og sko).

​Prisar og vilkår
Klatreopplevelsen kostar kr 1790,- per person (minstepris kr 3580,-). Pris for barn mellom 6 år og 14 år er kr 990,-. For familiar (inntil 3 vaksne og 3 barn) er prisen kr 4950,-. Vi gir grupperabatt på 25 % for grupper med minst 4 personar.

Gruppestorleik: 2 – 10 deltakarar. Nedre aldersgrense for barn er 6 år.

Inkludert i prisen:
Klatring og rappell med kompetent rettleier.
Vandretur og/eller omvisning på Staupstunet (valfritt).
Eit lett lunsjmåltid av lokalprodusert mat, inkludert drikke.
Alt nødvendig tryggingsutstyr.
Alt nødvendig klatreutstyr.
Tilgang til å låna ekstra klede kostnadsfritt ved behov.

Ikkje inkludert i prisen:
Transport frå Voss til klatreklippene.
Tog eller annan reisemåte til Voss.​

Ved å reservera plass på denne turen aksepterer du våre kjøps- og avtalevilkår (https://www.wildvoss.no/dokumentasjon).

Litt om ansvarleg turisme og berekraft
Wild Voss jobbar kontinuerleg med å redusera det økologiske fotavtrykket til våre turar og aktivitetar. Vi følgjer dei oppdaterte GSTC-kriteriene for eit ansvarleg reiseliv. Som deltakar på ein av turane våre kan du vera trygg på at:
- Vi ferdast sporlaust og i tråd med «Leave No Trace-prinsippene».
- Vi nyttar utsleppsfri infrastruktur når det er mogleg.
- Turane våre går til fots, på truger eller på ski. Ferda vår i naturen bidrar ikkje til auka klimagassutslepp, og fører med seg minimale konsekvensar for økosystema omkring oss.
- Guiden din deler gjerne kunnskapen sin om lokal natur, kultur og stader vi besøker.
- Vi støttar ansvarlege, lokale bedrifter.
- Guiden din vil framsnakke varsam og naturvennlig ferdsel og auka medvitet ditt om lokalt dyre- og planteliv.
- Vi følgjer lovar og reglar for ferd i fri natur og i kulturlandskap.
- Vi jobbar for å minimera avfallsmengda, og vel derfor produkt og emballasje med lang levetid.


Har du spørsmål om turen?
Kontakt Øystein på +47 93484041 eller send ein epost til post@wildvoss.no.

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Vangsgata
  • 5700
  • Voss
Telefon:
E-post:
post@wildvoss.no
Nettside:
www.wildvoss.no

Hvor er Klatreoppleving på Staup, Wild Voss?