Hopp til hovedinnhold

Kleivafossen har gjennom lange tider dusja turistar på veg over brua på veg opp til Briksdalsbreen. Denne fossen er eit av dei mest fotograferte motiva i heile Norge.

Når isbreen smeltar går fossane mange og strie nedetter fjellsidene i Briksdalen. Som kvite sølvband kastar dei seg nedetter stupbratte svaberg i sin ville dans på veg mot blinkande, blågrøne vatn i dalbotnen. Det er som om vatnet har det svært så travelt etter fleire hundre års binding som is. Bruset frå fossane, spesielt Kleivafossen, er ein del av naturopplevinga som har gjort Briksdalen kjend.

Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • 6792
    Telefon:
    E-post:
    Nettside:

    Hvor er Kleivafossen