Bestill

Frå innlandsbygdene i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til Gamle Lærdalsøyri i Lærdal. Kongevegen var den første kjørevegen for hest og kjerre mellom Oslo og Bergen, bygd i 1793. Underlaget er variert, og består av grus, gras, sti og asfalt. Kongevegen over Filefjell har vunne dei prestisjefylte prisene Europa Nostra Grand Prix (2017) og Vakre Vegars Pris (2015).

Fakta om turen

Lengde 100 km 13 delstrekningar, alle med eigen inngang og utgang, alle har parkering. Tidsbruk: 3-6 dager (heile vegen), frå 45 minuttar til 5 timar (delstrekningane) Tilgjengeleg: Heile året (i Lærdal) 15. mai-15. oktober (i Vang) 10. juni-10 oktober (på Filefjell).

Turen kan også gås på truger om vinteren. Toalett, rasteplasser og benker er plassert langs vandreruta. Passer for familier Vanskeligheitsgrad: middels

Overnattingsstader og spisestadar langs Kongevegen over Filefjell


Transport langs Kongevegen over Filefjell

- Kongevegbussen:

- Lokalbuss over Filefjell: https://www.kringom.no/



Historikk

Så lenge det har budd menneske i Norge, har hovudferdsla mellom Austlandet og Vestlandet gått over Filefjell og ned Lærdal. Dei fleste av sagakongene våre reiste over fjellet. I mellomalderen hadde strekninga rykte på seg for å vere mellom dei vanskelegaste og farligaste i landet. Det var stort behov for utbetringar, slik at forholda for transport av folk og varer vart lettere. Fra 1790-åra var den gamle ride- og kløvvegen erstatta av ein fire meter brei veg der folk for første gong kunne kjøre med hest og kjerre mellom Austlandet og Vestlandet. Vegen fekk namnet Kongevegen over Filefjell, ein av berre fire vegar som har dette namnet. Strekninga mellom Vang og Lærdal utgjorde det mest spektakulære partiet av den Bergenske Kongeveg. I dag er vegen mellom dei finaste veghistoriske kulturminna i Europa. Vandreturen på Kongevegen, med alle sine utallinge og mangearta kulturminne langs ruta, er på mange vis ei vandring gjennom norsk historie.

Turpakker

Turkart:

Aktivitetar langs Kongevegen

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Borgund
  • 6886 LÆRDAL
Telefon:
400 65 069
E-post:
info@visitkongevegen.no
Nettside:
www.visitkongevegen.no

Hvor er Kongevegen over Filefjell?