Hopp til hovedinnhold

Spelar vêret på lag vil me kunne oppleve vinterkledde fjell som badar i månelyset. Uansett vil hodelyktene våre kunne avsløre revefantens krumspring eller dei spretne hoppa til fjellharen.

Etter å ha gått passe langt brer me ut reinfellene og fyrer opp eit lite bål dersom vêret tillet det.

Med noko varmt i koppen og noko enkelt å bite i er det berre å lene seg tilbake, ta inn stilla i fjellheimen og drøyme under stjernehimmelen.

Eller la fjellpraten gå rundt bålet.

Her har du høve til å stille alle spørsmåla du måtte lure på om friluftsliv. Om Filefjell. Om Kongevegen. Om villmarka. Guiden har lang erfaring med friluftsliv og har budd ute i to år!

Lengde: 2-3 timar. Opplevinga er tilgjengeleg torsdag-søndag.

PRIS PER PERSON:

Som del av turpakkene: 690,- kr. (min. 2 pers.)
Som enkeltståande oppleving: 1 190,- kr. (min. 2 pers.)

Hvor er Kongevegen vinternatt?