Hopp til hovedinnhold
Bestill

Møt ein av Noregs beste artistar og ein av Noregs beste gitaristar på intim hagekonsert hjå det kombinerte bakeriet og galleriet Skabelonen i Årdal!

Tønes (Frank Tønnesen) frå Sokndal er blant dei beste låtskrivarane, tekstforfattarane og artistane i landet, kjend for sine underfundige og humoristiske historier om små og store ting.

Han har med seg gitaristen Erlend Aasland, kjend frå mellom anna Randi Tytingvåg Trio, i Tønes Duo.

Tønes har gitt ut 8 album, 4EP-ar og skrive bok. Han har vunne Prøysenprisen, Dialektprisen og 4 Spellemannprisar.

Tønes er ein favoritt både hjå kritikarar og publikum.

𝗦𝗸𝗮𝗯𝗲𝗹𝗼𝗻𝗲𝗻
Skabelonen er galleriet til treskjeraren og bakaren Eldfinn Austigard, mellom anna kjend som «faren» til Eventyrskogen i Årdal. I hagen mellom galleriet og bakeriet er det intim stemning og ein masse skulpturar og relieff med motiv frå segner og eventyr.

Som skapt for ein konsert med ein ekstraordinær historieforteljar!

𝗩𝗲𝗹𝗸𝗼𝗺𝗲𝗻!

Visninger

Skabelonen (Årdal i Hjelmeland)
23. august:
19:30

Kontakt

Adresse:
  • Ryfylkevegen 5359
  • 4137 Årdal i Hjelmeland
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Konsert med Tønes Duo i Hjelmeland?