Hopp til hovedinnhold
Bestill

Bli med Jostedalen Breførarlag på den mest etterspurte blåisturen på Nigardsbreen

Bestill din tur her

Viktig informasjon:

Varigheit: Ca. 4,5 timar. På isen ca. 1,5 time

Alder: 12+, som privattur 8+

Dato: 15.05 - 25.09.

Ein kort men opplevingsrik blåistur mellom bresprekkar og istårn på NIGARDSBREEN i Jostedalen og som gjev deg kjensla av å vere midt inne i eit mystisk islandskap.
Delar av ruta på sjølve isen samt delar av anmarsjen til Nigardsbreen er ganske bratt. Ruta er gjort lettare ved hjelp av faste tau på svaberga og trinn i isen.
Turen passar for alle som ynskjer ein kortare tur og oppleve kva brevandring på blåis eigentleg er.

Dette er same type blåistur som ‘Spesialtur for born’, bortsett frå at aldersgrensa er 12 år.

Kvar skal du møte?

Nigardsbreen parkeringsplass.

Kva skal du ta med?

Varme og vass-/vindtette klede, solbriller, turhanskar, matpakke og fjellsko. Kleda må dekke heile kroppen (ingen shorts eller skjørt).

Hanskar og sko kan du låne av oss men me har ikkje små hanskar og sko for barn.

Kva er inkludert i prisen?

Inkludert

Brevandreutstyr og båttransporten.

Ikkje inkludert

Mat og drikke.
Matpakke kan kjøpes i Breheimsenterets kafeteria.

Bestill din guida tur her

Hvor er Kort Blåistur - Nigardsbreen