Hopp til hovedinnhold

Dei bratte fjella med dei mange vatna som omgir Høyanger er ideelle til vasskraftproduksjon, og det var desse naturlege føresetnadane som lokka industriutbyggarane til bygda. Kraftproduksjonen har vore sjølve nerva og livsgrunnlaget for Høyanger heilt fram til i dag, og den viser igjen i mange aspekt av historia og kulturen til den vesle tettstaden.

Opplev gjerne Høyanger sentrum frå sykkelsetet! Du kan leige sykkel hos Sport'n Høyanger midt i sentrum (Storgata 19). Dei har opent måndag til fredag frå kl. 09.00 til 17.00, og laurdag frå kl. 09.00 til 15.00.

Inngang Høyanger Industristadmuseum, Gunnar S. Galleriet og byvandringa Det er gratis inngang til Høyanger Industristadmuseum og Gunnar S. Galleriet i 2023. På begge stadane kan du få utlevert informasjonen du treng til å gjennomføre og få eit godt utbytte av byvandringa. For meir informasjon om Høyanger Industristadmuseum og Gunnar S. Galleriet, som begge held til i byporten i Høyanger

Byvandring i eit kraftsamfunn Om du går byvandringsløypa på byvandringhoyanger.no får du sjå korleis Høyanger vart bygd opp som eit idealsamfunn av leiinga på aluminiumsverket, og korleis det har gitt utslag i unik industrikultur og arkitektur. Besøk mellom anna Egne hjem, eit bustadområde som vart etablert med føremål om å gje arbeidarar eigne hus og hagar. Baktanken til «dei høge herrane» på verket var å gje arbeidarane gode buforhold så dei ikkje skulle bli opprørske.

Valhall er Høyanger ungdomslag sitt forsamlingshus bygd i 1922. I tradisjon med samtida fekk bygget eit ekte norsk namn, og festsalen vart dekorert med veggmåleri med nasjonale motiv.

Høyanger kyrkje stod ferdig i 1960 og var ei gåve frå verkseigaren NACo. Planen var å føre opp ei åttekanta steinkyrkje, men krigen sette ein stoppar for det vidare arbeid, og resulterte i ei enklare utforming. Bustadområdet Parken vart utbygd i perioden 1916 - 1928 av verkseigaren NACo. Området er i stor grad uendra sidan den gong, og vart i 1993 freda.

Siste stopp på løypa er Byporten som husar industristadmuseum og Gunnar S. Galleriet, og som er eit landemerke i seg sjølv i Høyanger sentrum

Les meir om kraft i sentrum her:

Kontakt

Adresse:
  • Høyanger sentrum
  • 6993 Høyanger
Telefon:
E-post:
Nettside:
byvandringhoyanger.no/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)

Hvor er Kraft i sentrum - Høyanger?