Duoen består av 5 km til fots / på sykkel / i bil, etterfølgt av ein gåtur ved sidan av eller på 2500 luftige trappetrinn. Ein returnerer tilbake til Høyanger sentrum same vegen som ein kom. Om du ikkje ønskjer å fullføre heile kraftduoen kan du heilt fint stoppe turen etter 5 km i enden av dalen, og utelate trappene.
På denne turen får du oppleve sentrale kraftinstallasjonar i Høyanger, og sjå krafthistoria til tettstaden utfalde seg i landskapet. Ved trappene finn du Eiriksdal kraftverk og K2 (bilde 1 under), to generasjonar med kraftverk der det første erstatta det siste i 2014. På toppen av trappene vil du få utsyn over heile dalen ned mot Høyanger, og vil sjå kraftinstallasjonar som har danna sjølve fundamentet for industrien som tettstaden har hatt som livsnerve gjennom over 100 år.
Overnatting på Øren Hotel
Last ned meir informasjon
Dag 2
Byvandring i eit kraftsamfunn Langs denne byvandringsløypa får du sjå korleis Høyanger vart bygd opp som eit idealsamfunn av leiinga på aluminiumsverket, og korleis det har gitt utslag i unik industrikultur og arkitektur.
Last ned meir informasjon her
Vandring
Kraftduoen i Høyanger
Kraftduoen i Høyanger er to turar i eitt der kraftproduksjon før og no dannar ei tematisk ramme med overnatting på Øren Hotel og på dag 2 vandrar du i byvandringsløypa.
Høyanger
Kontakt
- Adresse:
- Elvegata 14
- 6993 HØYANGER
- Telefon:
- 57707600
- E-post:
- post@orenhotel.no
- Nettside:
- orenhotel.no/