På KraftLaben møtest naturvitenskap og industrihistorie i ei ramme av oppleving, undring og leik. Her får du utforska naturen sine fantastiske krefter og fenomen med alle sansar gjennom engasjerande utstillingar. Bli med og delta i spanande eksperiment på ekte laboratoriebenkar frå det historiske smelteverket i Odda.
Eit besøk på KraftLaben er den perfekte aktiviteten for heile familien, der alle kan ta del i interaktive utstillingar, eksperiment og fascinerande vitenshow. Ute finn du ein flott vitenpark og leikeplass for nysgjerrige sinn, der leik og læring går hand i hand.
Velkomen til KraftLaben!
Opningstider
I sommarferien: Tysdag–laurdag 11-16.
Resten av året: Ope for bestilling for grupper over 15 pax.
Prisar
Enkeltbillett: 60,-
Familiebillett: 180,-

