Kraftruta over Bergefjell

Dag 1

Frå Grimsosen går turen til fjellryggen mellom Toppenhytta og Skålebotn, heile vegen med storslagen utsikt over Høyangsfjorden, Sognefjorden og Stølsheimen i det fjerne. Ved start frå Grimsosen er det ein familievenleg tur på 10 km og omlag 250 m stigning. Ved start i Høyanger er turen omlag 13,5 km lang og middels krevjande med 700 m stigning. Turen er merka. 

Overnatting på Larsgarden Tunhotell som tilbyr gjestene overnatting i våningshuset frå 1901. Kjøkkensjef Pernille Yulie Baatard servera mat som smakar av grønnsaker, bær og fruk frå garden, fisk frå fjorden og hjort frå skogen. 

Last ned meir informasjon her

Dag 2

Kraft i sentrum

Tettstaden Høyanger er fundert på kraft og kraftkrevjande industri. På Høyanger Industristadmuseum får du innsikt i korleis Høyanger gjekk frå å vere ei lita jordbruksbygd til å nærast over natta bli eit blomstrande industrieventyr tidleg på 1900-talet.

Byvandring i eit kraftsamfunn Langs denne byvandringsløypa får du sjå korleis Høyanger vart bygd opp som eit idealsamfunn av leiinga på aluminiumsverket, og korleis det har gitt utslag i unik industrikultur og arkitektur.

Last ned meir informasjon her

Kontakt

Adresse:
  • Høyanger sentrum
  • 6993 HØYANGER
Telefon:
95797519
E-post:
janne-elin@larsgardentunhotell.no
Nettside:
www.larsgardentunhotell.no/

Hvor er Kraftruta over Bergefjell, Høyanger?