Hopp til hovedinnhold

Det er i møte mellom minst to element at ein hybrid vert fødd. Ulike delar som flettar seg saman og tek med seg eigenskapane sine for å danne noko nytt og utforske potensialet sitt i møte med kvarandre. Slik kan hybridar fortelje oss noko om både det som har vore og opne for kva som kan bli. Leike med forholdet mellom sanning og spekulasjon, material og teknikk, realisme og fantasi.

På 1500-talet samla den polsk-litauiske kong Sigismund II Augustus inn gobeleng; store vevnadar som ofte synte dyremotiv, gjerne knytta til religiøse historier. På denne tida hadde få av vevarane sett dyra dei vart sette til å portrettere, og var dermed tvungne til å spekulere i korleis dei skulle sjå ut. Resultata er fantasifulle og overraskande, opne og magiske. Hybridar av ulike dyr vart framstilte som om dei representerte røynda, ikkje vevarenes fantasifoster. I Hybrid II av Kristina Austi, har ho teke gobelenga til inspirasjon og mata dei til ein kunstig intelligens saman med eksempel på eigne vevnadar. Forholdet mellom vev og teknologi er ein annan hybrid – data og koding er det binære kjærleiksbarnet til renning og innslag. Den kunstige intelligensen syg informasjonen til seg og spyttar ut ville forslag til nye hybridar og kombinasjonar: trekker trådar mellom Austi og 1500-talets artsmangfaldige spekulasjonar, frie frå verdslege omsyn og avgrensingar. Digitale hjerna har ikkje handas taktilitet. Dei kan mane fram eventyrlege visjonar, men ikkje kjenne trådens ibuande kvalitet, ei heller det sanselege i tekstilen. Menneska si hand er framleis det farlegaste våpenet og det vakraste verktøyet. Austis hand nøstar opp i den kunstige intelligensens grenselause idéverd, og omset den attende til sin eigne praksis i form av store, digitale vevnadar. Desse syner univers der fryktinngytande ulvar bit seg sjølv i halen, med lemmer og kroppsdelar viltveksande og lausrivne frå logikkens verd. Bindingas strukturar vert til landskap og byar, mytologiske dyr oppløyste i horisontar av skyer og bylgjer. Ei hand strekkest ut og grip tak kring fortidas undring og framtidas klarsyn, vever dei saman og bind dei fast. Føder nye kull med hybridar i skjeringspunktet mellom menneske og maskin, fortid og framtid, tekstil og teknologi.

Kristina Austi (f. 1978, Litauen) tok i 2011 mastergrad i kunst ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Ho har stilt ut ved mellom anna Soft galleri og Format i Oslo, F15 i Moss, og Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Arbeida hennar er innkjøpte av Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, Lillesand kommune, Bergen kommune og Helse Vest. Austi er medstiftar av VEVFT, eit kompetansesenter i Innvik for digital vev.

Utstillinga er støtta av Bergen kommune, Kunstsentera i Noreg og Kulturrådet.

Visninger

08. mai:
12:00
09. mai:
12:00
10. mai:
12:00
11. mai:
12:00
12. mai:
12:00
15. mai:
12:00
16. mai:
12:00
17. mai:
12:00
18. mai:
12:00
19. mai:
12:00
22. mai:
12:00
23. mai:
12:00
24. mai:
12:00
25. mai:
12:00
26. mai:
12:00
29. mai:
12:00
30. mai:
12:00
31. mai:
12:00
01. juni:
12:00
02. juni:
12:00

Kontakt

Adresse:
  • Vågsallmenningen 12
  • 5014 Bergen
Telefon:
+47 451 11 993
E-post:
kraft@kraftkunst.no
Nettside:
kraftbergen.no/

Hvor er Kristina Austi - Hybrid II?