Hopp til hovedinnhold

Stad

Fitjar sentrum

Turkart

Stord-Fitjar  1:50.000

Start og sluttpunkt

Start og slutt ved parkeringsplassen, kommunehuset/Larsen (Spar-butikken i sentrum.

Parkering

God plass på offentleg parkeringsplass ved rådhuset.

Merking

GRØN Merka etter internasjonal standard med Informasjonstavle og 7 retningsskilt. I tillegg er her 5 kulturhistoriske informasjonstavler.

Høgdeskilnad

13 – 118 moh.

Tidsbruk

Om lag 1 time.

Lengde

2 km.

Turomtale

Lett tur med mange kulturopplevingar som passar for små og store. Frå parkeringplassen ligg parken lett synleg nord for kyrkja. Vidare på flat asfaltveg som er lett tilgjengeleg for barnevogn og rullestol-brukarar. Ta vegen mot venstre, forbi bedehuset for å komme til Kongsbrunnen. Ta same veg attende til bedehuset, men gå over riksvegen og vidare på sti gjennom kyrkjegarden. Ut frå kyrkjegarden går du tvers over asfaltveg og fortsetter opp den slake bakken, på nordsida og forbi Rimbareid skule.

Vidare tar stien av mot vest oppover trapper og på sti mot Rimsvarden. Her har ein flott utsikt over Fitjarvikjo og Austevoll. Du må gå same veg attende ned til "Sjøsbrekko". Her kan du ta til venstre og komme strake vegen attende til parkeringsplassen.

Det er sett opp flotte kulturhistoriske informasjonstavler ved fleire historiske stader. Desse fortel om Fitjar si historie. Ei er plassert ved  Håkonarparken og statua av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961). Her vert det fortalt om Håkon den gode og slaget på Fitjar i år 961.

Ved Kongsbrunnen får du informasjon gjennom tekst og teikning om brønnen og kongsgarden. Ved sørsida av kyrkja finn du skiltet som fortel om den gamle steinkyrkja som sto her. Oppe ved Rimsvarden, som er ei stor bronsealder-røys, fortel ei eiga informasjonstavle det dei veit om grav og kva som er funnet i den.

Kontakt

Adresse:
  • 5419 Fitjar
Telefon:
53 45 77 00
E-post:
post@fitjar-fjordhotell.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Total stigning:
  • 105m
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)

Hvor er Kulturhistorisk løype i Fitjar?