Bli med på kulturvandring i Anders Askevold sine fotspor. Løypa tek deg med til stader med tilknyting til kunstmålaren Anders Askevold sitt liv. Du vil også få sjå korleis naturen og bygda her kan kjennast att i mange av måleria hans. Løypa har 11 stopp-punkt og er 3 km lang. Siste stopp er ved bautasteinen som er reist til minne om kunstnaren ved Korseberget, nær Askvoll kyrkje. Du finn meir informasjon om løypa på kulturvandring.no

Kontakt

Adresse:
  • Askvoll sentrum
  • 6980 Askvoll
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.kulturvandring.no/askevold

Hvor er Kulturvandring i Askvoll?