Velkomen til Porten gard! Dette er ein stad der du kan finne ro. Her er det ingen biltrafikk, og du kjem tett inn på natur og dyreliv. Du får oppleve eit levande kulturlandskap og tydeleg merke etter mange generasjonar sitt arbeid for å skape livsgrunnlag for seg og sine. Her kan du vandre på gode gardsvegar eller gå ein tur til fjells med godt utsyn til øyar og hav. Etter turen kan du nyte eit enkelt måltid ute eller i den kvitmåla gamle stova i tunet. 

På ein guida kulturvandring i Porten vil du vandre i eit levande gardsmiljø. Her kan du oppleve bygningsmiljø, natur- og kulturlandskap skapt av familien Porten gjennom 8 generasjonar. Idylliske gardsvegar snor seg rundt i det frodige landskapet, og her kjem du tett inn på natur og dyreliv. Enkel servering i tunet eller inne i det gamle stovehuset. 

Turen er lite krevjande og du vil gå på skogsveg og sti i lett terreng. 

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Porten
  • 6958 Sørbøvåg
Telefon:
E-post:
reidun@portengard.no
Nettside:
www.portengard.no

Hvor er Kulturvandring i Porten - Porten gard?