Balestrand er ein viktig kulturberar innan norsk arkitektur og bygningshistorie. Ein finn blant anna mange eksempel på drakestilen, som er ein norsk variant av Sveitserstilen (1890-1920). Mange av desse villaene vart bygde av kunstnarar eller rikfolk som nytta Balestrand til rekreasjon mot slutten av 1800 og byrjinga av 1900-talet.
Dei fleste av desse bygga finn ein langs promenaden frå sentrum og utover langs fjorden.
Kunst har vore ein viktig del av Balestrand i mange generasjonar, og er like aktuelt i dag. Når ein ruslar rundt i Balestrand treff ein på skulpturar eller andre kunstverk utandørs, og kunstsamlingar som er tilgjengelege for publikum på fleire av hotella. Balestrand Kunstlag bidreg sterkt til at både innbuarar og besøkjande i bygda får varierte utstillingar i løpet av året. Ta kontakt med turistkontoret eller sjå oppslag i bygda for informasjon om aktuelle utstillingar.
By
Kunstbygda Balestrand
Velkommen til kunstbygda Balestrand med natur, arkitektur, utstilling, museum, kulturløype og Ciderhuset.
Kontakt
- Adresse:
- Kong Beles veg 20
- 6899 Balestrand
- Telefon:
- 57691255
- E-post:
- balestrand@sognefjord.no
- Nettside:
- www.balestrand.kommune.no
Fasiliteter
- Vanskelighetsgrad:
- Lett (grønn)