Bestill

Dette dagskurset er ein døropnar til vidare læring og bidrar til auka tryggleik på turane dine. Vi hjelper deg til å bli trygg på eigne vegval i vinterfjellet! Vi kombinerer teori og praksis slik at læringsutbyttet blir størst mogeleg.

Denne dagen gir me ei innføring i ein metode for turplanlegging, inkludert bruk av nokre nyttige digitale hjelpemiddel. Etter lunsj tar vi ein skitur i nærområdet der vi testar turplanen vår. Vi jobbar med å kjenne att skredterreng og å gjere gode vegval. Etter turen evaluerer vi dagen, for å sikre at erfaringane vi gjorde får nytte for oss på framtidige turar. Til inneøktene før lunsj har vi leigd kurslokaler med god plass.

​Når kurset er over skal du kunne bruke nokre viktige hjelpemiddel til systematisk turplanlegging, og vere i stand til å kjenne att skredterreng både på kartet og i terrenget. Kurset gir ei grunnleggande innføring i nokre tema som inngår i våre meir omfattande skredkurs og kurs i vinterfriluftsliv.

​Nokre aktuelle moment denne dagen:
- Turplanlegging med 3x3 filtermetoden til Werner Munter.
- Lese og forstå vêrmeldinga på yr.no og skredvarselet på varsom.no.
- Bruk av brattleikskart.
- Kartlesing og ruteplanlegging.
- Naudsynt utstyr.
- Identifisere skredterreng.
- Måle brattleik i terrenget.
- Gjenkjenne og unngå terrengfeller.

​Krav til deltakarar
Dagskurset passar for alle som ferdast på ski utanfor løypene i vinterfjellet. Du treng ikkje å ha kunnskap om skred, kart og kompass eller vere dyktig på ski. Kurset passar ôg godt for deg som har litt turerfaring, kan litt om skred og/eller treng å få kvalitetssikra din eigen kunnskap.

​Deltakarar må vere i normal fysisk form, føle seg friske og vere utan symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon. Vi følger dei gjeldande Covid-19 tiltaka og legg vekt på god handhygiene. Vi har redusert talet på plassar for å sikre god avstand mellom deltakarane.

​Naudsynt turutstyr
Toppturski eller solide fjellski med feller. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, og ein liten sekk med ekstra varm jakke. Alle har med skredutstyr (spade og søkestong). Hugs skibriller og hovudlykt. Ta gjerne med termos med varm drikke og eige kart og kompass om du har. Skredutstyr kan lånast av Wild Voss utan ekstra kostnad.

    Kontakt

    Adresse:
    • Kleivavegen 576
    • 5706 Mjølfjell
    Telefon:
    93484041
    E-post:
    post@wildvoss.no
    Nettside:
    www.wildvoss.no/dagskurs-terrengvurdering

    Hvor er Kurs i terrengvurdering med Wild Voss?