Kvamshalsen 950 moh/ Sogndal

Parkering: Frå Sogndal og Fjærland følgje ein riksveg 5 til avkøyringa mot Anestølen og Selseng. Følg Dalavegen nedover til Torstad/Kvam. Parkering på egna plassar kring Torstad/Kvam.

Opptur: Følg austsida av Kvamselvi opp til ein kjem inn på traktorvegen. Følg denne og ta venstre i første kryss. Etter kvart kjem ein inn på ein ope området og i øvre del kryssar ein gjerdet. Granplantefeltet er blitt meir ope etter stormen Dagmar.

Fortsett sommarstien oppover til skogen blir meir ope. Gå opp til ei lita hytte kring 800 moh før ein går ut av skogen og inn på Kvamshalsen.

 

Ned Kvamshalsen E1, GV: Frå Kvamshalsen 940 moh følgjer ein skogen ned igjen i det området ein har gått opp. Området kring den vesle bua 800 moh har fin skog. Når skogen blir tettare søker ein inn på sommarstien som fører ned og gjennom gran feltet. Nedre delen går i ope kulturlandskap og på traktorveg.

Fakta:

Tid opp/ned:

2-4 timar

Sesong:

desember – mars/april

Farar:

Skred

Lengde ned køyring:

520 høgdemeter og 1,8 kilometer

Brattaste punkt:

30 grader i 140 høgdemeter (660-800 moh)

 

Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25-30 grader vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan ha påverka grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

 

Kjelde: Friflyt.no

    Kontakt

    Adresse:
    • Svidalen
    • 6856
    • Sogndal
    Telefon:
    E-post:
    Nettside:
    www.friflyt.no/topptur/skiturer-sogn/turbeskrivelse-kvamshalsen

    Grønne sertifiseringer

    Kvamshalsen Topptur Sogndal har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
    • Green KeyGreen Key
    Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

    Hvor er Kvamshalsen Topptur Sogndal?