Hopp til hovedinnhold

Turen opp til fjelltoppen Kvasshovden tek deg frå 0 til 1030 m.o.h på 7,5 km. På toppen får du ei fantastisk utsikt over vestnorsk fjordlandskap. Turen startar i Ulvik sentrum og stien opp til toppen er godt merka opp til Børsheim og vidare til fjelltoppen. Terrenget er tidvis bratt og steinete med ei varigheit på 5-6 t. tur-retur. Kvart år i juli vert motbakkeløpet Kvasshovden Opp arrangert i denne løypa (rekord frå sentrum til topp er under ein time!). Ut juni kan det framleis vere snøflekkar i terrenget. På toppen kan ein nyte ei fantastisk utsikt over fjordlandskapet, og på vegen passerer du fleire flotte stølsområde og lokale gardar.

 

For meir informasjon og kart, kontakt Ulvik turistkontor.

Kontakt

Adresse:
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 40 00 71 99
E-post:
visitulvik@ulvik.kommune.no
Nettside:
www.visitulvik.no

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Hvor er Kvasshovden?