Hopp til hovedinnhold
Bestill

I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan du oppdage av dei fyrste store industriane i Noreg. Her har ein nemleg hogge kvernsteinar i over 1000 år – for hand! Ei vandring i steinbrotslandskapet og museumsbygningane er ei fascinerande oppdagingsferd gjennom geologi, historie og handverkstradisjonar. Ein perfekt dag med læring, utforsking og undring!

Kvernsteinsparken i Hyllestad er landets einaste temamuseum for kvernsteinsproduksjon, og er visingsstad for landets største kulturminne frå viktingtid og mellomalder. Velkomen!

Kvernsteinsparken tilbyr aktivitetar for alle aldersgrupper

  • Steinhoggarløypa (skilta formidlingsløype)
  • Mal ditt eige korn med ei handkvern.
  • Prøv deg som steinhoggar
  • Prøv steinarbeid med kleberstein.
  • Vandre ein tur gjennom Trollstien med dei minste

Sesong og opningstider

Parken er ope og bemanna i sommarsesongen: https://misf.no/kvernsteinsparken/planlegg-besoeket-ditt

Guida tur

Omvising for grupper: Eiga omvising for grupper tingast på førehand. Kontakt Kvernsteinsparken per e-post nks@misf.no, eller sjå nettsida for meir informasjon.

Mat, drikke og museumsbutikk

I sommarsesongen kan du nyte kaffi, te og sveler hjå oss. I museumsbutikken kan m.a. du kjøpe eit utval kvalitetsvarer frå lokale produsentar.

Tilrettelegging

Nedre del av parken inkludert parkering og bygningar ligg relativt flatt, og er knytt saman med grusvegar. Delar av steinhoggarløypa og Storehuset er og tilgjengeleg for rørslehemma. Det er ikkje universielt utforma toalett i parken.

Tilkomst

Parken har adresse Hyllestadvegen 402, sentralt i Hyllestad kommune. Eigen p-plass for besøkande.

Kvernsteinsparken er ein av i alt 26 nøkkelstadar for Kystpilgrimsleia, som startar i Egersund og endar ved Nidaros domkyrkje i Trondheim. Er du nysgjerrig og vil vite meir om Kystpilgrimsleia, så besøk nettsida deira.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Musea i Sogn og Fjordane

Se alle tilbudene til Musea i Sogn og Fjordane

Tider

juni 2026

06. juni

11:00 - 17:00Bestill

Kontakt nks@misf.no om du ynskjer å avtale besøk utanom ordinær opningstid.

Priser

Fra:
NOK 110

Kontakt

Adresse:
  • 6957 Hyllestad
Telefon:
+47 45 87 19 40
E-post:
nks@misf.no
Nettside:
misf.no/kvernsteinsparken

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Kafé:
Toalett:
Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Souvenirer/butikk:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Kvernsteinsparken