Skaalurensamlinga er eit museum som syner verksemda til Skaaluren Skibsbyggeri og andre vervar i Rosendalområdet. Skaalurensamlinga finn du i Folgefonnsenteret, som ligg på kaien i Rosendal. Dei har felles inngangsbillett. Mange kjende skuter vart bygde langs strendene her, mellom anna Roald Amundsen si «Gjøa».
Opningstider Skaalurensamlinga sommaren 2026
24. juni – 18. august: Dagleg 10.00-18.00
Bygdetunet Rød består av stovehus, stabbur, stall, smie og kvernhus frå 1700-talet. Bøkkarverkstad ved sjøen. Skulemuseum for Kvinnherad.
Skulemuseet ligg 5 km frå sentrumi Uskedalen. Skulen er frå 1893 med innbu og gjenstandar. Omvisning etter avtale med Kulturkontoret på tlf: 53 48 31 00 eller 53 48 42 80.
