Hopp til hovedinnhold

Kolerakyrkjegarden i Leirvåg

I Leirvåg ved Valevåg ligg ein av dei best bevarte kolerakyrkjegardane i Sunnhordland.  Den er kanskje mest kjend som «Kirkegården ved havet», etter ein komposisjon av Fartein Valen.

Kva er kolera og kvifor var det ein eigen gravplass?

Kyrkjegarden blei vigsla i 1849, då koleraepidemien råka vestlandskysten. Epidemien starta under sildefisket og spreidde seg raskt. Koleragravplassane ligg ofte langt frå folk og hus. Folk trudde dei døde kunne smitta også etter at dei var komne i jorda.

Kva er bakgrunnen til namnet "Kyrkjegarden ved havet"?

Komponisten Fartein Valen (1887–1952) budde og arbeidde store periodar av livet sitt i Valevåg, og «Kirkegården ved havet» er eit av dei mest kjende verka hans. Diktet «Le Cimetière Marin» av Paul Valery, om den store krigskyrkjegarden i Cette i Frankrike, inspirerte Valen til dette verket, men Valen har og fortalt at tankane hans gjekk til denne vesle gravplassen.

Muren rundt kyrkjegarden blei restaurert i 2014.

Korleis kan eg sjå

Turen til Leirvåg startar ved Nappabrua og tek om lag 20 minutt på merka sti. Det er lagt ut klopper over våte parti. Det er òg høve til å leggje til i Leirvåg med båt.

(turløype, badeplass, kulturminne, friområde)

Kontakt

Adresse:
  • 5554 Valevåg
Telefon:
+47 53 74 80 00
E-post:
postmottak@sveio.kommune.no
Nettside:
www.sveio.kommune.no

Hvor er "Kyrkjegarden ved havet"