Hopp til hovedinnhold

Museet finn du på øya Oen, omkransa av vakker kystnatur i eit autentisk sjøbruksmiljø. Det ligg i eit moderne bygg rett ved Ovågen, eit steinkast frå den gamle rutebåtkaia, og her er det lett å tilbringemange timar for å få med seg både utstillingar og aktivitetar inne og ute.

Utstillingar Hovudutstillinga «Livet ved havet»fortel korleis kampen for tilværet i dette vêrharde stroket av vestlandskysten har prega sivilisasjonen og kystkulturen gjennom uminnelege tider. Det særeige sjøbruksmiljøet som museet er omgitt av, viser tider før vegar og bruer kom, tider med robåt, segl og motor, og tider med landnot. Det viser kvalfangst og sildefiske, heime og under fjerne himmelstrøk, tider med sveltihel og tider med olje-og gass, aure og laks.

I naustet finn du utstillinga «Eg rodde meg ut» om heimefiske til eige matfat og til å selje på Fisketorget i Bergen. I den gamle saltebua på kaien er delar av Gunnar Michelsens motorsamling utstilt, her er påhengsmotorar frå fleire fabrikantar og tidsepokar representert.

Kafé og museumsbutikk I kafeen har du nydeleg utsikt over vakre Ovågen. Nyt ein kopp kaffi og ein nysteikt lapp. Er veret fint har vi stor terrasse med ly for nordavinden.I museumsbutikken finn du eit nøye utval av varer med tema som passar inn på museet. Kystkultur og livet ved havet står i sentrum også her, og du finn bøker, gåver og suvenirar til både liten og stor.

Området rundt museet Kystmuseet passar godt som utgangspunkt for andre aktivitetar. Vi har utleige av robåt og kano, og vil du gå tur passar det fint å starte frå museet. Om sumaren har vi gjestekai, og gode høve for å leggje til med båt. Det er også mogleg å setje ut kajakk frå museets båtopptrekk. Bademoglegheiter har vi rett ved museet, ein kort spasertur unna finn du ei flott badestrand.

Open etter avtaler heile året utenom museets opningstid. Museet har universell tilpasning

  • Trip Advisor logo

Tider

Fra 14. april til 30. april

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
12:00–17:00

Fra 1. mai til 21. juni

Ukedager:
11:00–16:00
Lørdag:
Stengt
Søndag:
12:00–17:00

Fra 22. juni til 10. august

Ukedager:
11:00–16:00
Lørdag:
11:00–16:00
Søndag:
12:00–17:00

Fra 11. august til 31. august

Ukedager:
11:00–16:00
Lørdag:
Stengt
Søndag:
12:00–17:00

Fra 1. september til 31. oktober

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
12:00–17:00

Kontakt

Adresse:
  • Museumsvegen 9
  • 5337 Rong
Telefon:
53 00 61 40
E-post:
kystmuseet@museumvest.no
Nettside:
kystmuseet.museumvest.no/

Fasiliteter

Kafé:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Kystmuseet i Øygarden - Museum Vest?