Hopp til hovedinnhold
Bestill

I dag er dette ei reisestrekning som byr på fantastiske naturopplevingar i ville og vakre kystområdar med enorme historiske og kulturelle verdiar. Det blir ei reise som berører, uansett om den er på ein dag eller på fleire veker.
Dei fleste brukar å kombinere sine reiser langs Kystpilegrimsleia med båt, buss og vandring. Ja, til og med sykkel kan brukas på ein del av strekningane.

Kystpilegrimsleia har 26 godkjende nøkkelstader, som er av særegen kulturell, historisk og tradisjonell verdi. I gamle Sogn og Fjordane fylke er dette Gulatinget i Gulen, Kvernsteinparken i Hyllestad, Kinn kyrkje og Svanøy hovedgård i Kinn og Selje kloster i Stad kommune.

Selje har status som regionalt pilegrimssenter, og har eit ansvar for råd og rettleiing for pilegrimar og andre reisande, næringsliv og interessentar knytt til nøkkelstadane.

Regionalt pilegrimssenter Selje er lokalisert i Selje i Stad kommune med den heilage øya Selja ein kort båttur unna. Øya Selja vart det første pilegrimsmålet i landet då Olav Tryggvason i år 996 fann relikviar i ei hole på øya. Relikviane som etter legenda er frå den gudfryktige kongsdottera Sunniva, som flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding. Sankta Sunniva vart landets første helgen, og vår einaste kvinnelege helgen, etter at ho leid martyrdøden i hola på øya.

Selje pilegrimsstove
Det regionale pilegrimssenteret i Selje ligg i den gamle prestegarden i Selje. Prestegarden har til alle tider vore ein viktig møtestad for tilreisande og bygdefolk, og er no igjen blitt møtestaden der pilegrimar, besøkande og bygdefolket er hjarteleg velkomne. I tillegg til pilegrimssenteret sitt kontor, er her kafetilbod, stover for kvile, utstillingar og informasjon. Her får du stempla pilegrimspass, kjøpe suvenirar, bøker og vite meir om kva tilbod som er i Stad kommune.

Pilegrimssenteret har ope kontor i prestegarden i sommarmånadane, og er elles tilgjengeleg på telefon 475 15 463 og epost selje@pilegrimssenter.no

I innbyggjartorget i Selje kommunehus kan ein heile året få informasjon om tilboda i Selje, stempla pilegrimspasset og der er også ei kloster- og Sunnivautstilling og eit lite rom for bøn/kontemplasjon.


Kilde: Nordfjord

    Kontakt

    Adresse:
    • Nabben
    • 6740
    • Selje
    Telefon:
    +47 95708798
    E-post:
    selje@pilegrimssenter.no
    Nettside:
    www.seljeprestegard.no / www.pilegrimsleden.no

    Hvor er Kystpilegrimsleia?