Majestetisk, trolsk og utfordrande - dette er ord som vert brukte om Lihesten, dette landemerket og samlande symbolet for Hyllestad. Alt i vikingtida var fjellet eit viktig landemerke, og Olav Kyrre søkte ly under fjellet og vurderte å leggje ein by til Lifjorden. Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad.

Turbeskrivelse Risnesnipa frå Hovlandstien

Om lag 7 km frå Hyllestad kjem du til Hovland. Her kan du parkere i svingen på venstre side under eit tre og raud hytte nede ved sjøen. Gå litt tilbake til du ser eit skilt merka Risnesnipa. Stien er flott med variert terreng. Her vil du gå gjennom skogen i første partiet, før du kjem opp til eit meir ope terreng med storslått utsikt over Lifjorden. Stien kan vere nokså bratt første del, men når du har komt deg opp på ryggen av Lihesten går turen på fjell til toppen. Her anbefaler vi å bruke god tid opp fjellet. Både for å nyte utsikta, ein god matpakke og drikke rikeleg med vatn. 

Turbeskrivelse Gygrekjeften

Om lag 3km vest for Hyllestad sentrum er det skilta avkøyring til parkeringsplassen ved Lekva. Stien går inn gjennom nokre utmarksgrinder og slyngar seg så bratt opp gjennom den frodige skogen. Fylkesblomsten, revebjølla, ser ein mykje av i oppstigninga viss ein går her sommarstid. Oppe i lia kjem ein til eit stikryss. Her står det åtvaringar om den bratte stien som ventar på Nipestien, snarvegen til toppen.

For å ta denne vegen opp, tek ein av til høgre, og ein møter fjellveggen ved 500moh. Her går det bratt opp fjellsida, men Nipestien er lagd på den beste staden. Det er nokre bratte opptak, difor er her hengt ut tau. Det første opptaket er ca. 4m, og vidare er her litt tau til hjelp i dei bratte partia. Ein stad er det til og med lagd ei slyngje i tauet, slik at ein skal kunne stige opp og, ved hjelp av tau lengre oppe, klare å heise seg opp. Ein skal passe litt på når det blir slutt på tauet, slik at ein vel den rette vegen opp, for at det ikkje skal bli for bratt.

I alt nesten 100 høgdemeter med klyving, så er ein oppe på Lihestplatået. Ein må sjølv vurdere om tauet som heng der ser ut til å vere i orden og ikkje har fått skader. Oppe på platået er det godt merkt med vardar og raud farge opp til toppen, Gygrekjeften. Her skall trollkvinna, gygra, halde til. Det er luftig utsikt ned til Hyllestadsfjorden og Hyllestad. Skal ein gå ut på sjølve nebbet, trengst det sikring. Frå toppen går turen vestover mellom vatn og knausar på sandstein og konglomerat til ein kjem til 3L-stølane. Namnet har de ifrå dei tre gardane dei tilhøyrar, som alle tek il med bokstaven L: Lekva, Lundeland og Lireid.

Trass mykje bert fjell, er det næringsrikt gras innimellom og innbydande små vatn å bade i. Frå platået går ein ned Lundelandsstien. Denne stien var bufarveg, han er bygd opp og går i fine svingar i den bratte sida. Stien følgjer nedunder fjellveggen og austover til han møter stien frå Lekva Henta frå Opptur Sogn og Fjordane 

Kontakt

Adresse:
  • 6957 HYLLESTAD
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Lihesten?