Hopp til hovedinnhold

Lusterfjorden strekkjer seg heilt inn til foten av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen, og frå Skjolden i aust til Solund i vest, er Sognefjorden heile 204 km lang. Det bur folk langs begge sider av Lusterfjorden og naturen er prega av eit svært frodig og vakkert kulturlandskap med frukt og bærhagar. Sjølve fjordvatnet har ein frisk, lysegrøn farge fordi breelvane fraktar fine sandkorn ut i sjøen. Fjorden var i tidlegare tider ei av dei viktigaste ferdselsårene mellom Bergen og fjellbygdene på det indre austlandet.

Folk tok seg over Sognefjellet og reiste med rutegåande båtar mellom Skjolden og Bergen. I dag går det veg på begge sider av Lusterfjorden, og ein kan krysse fjorden med bilferje frå Solvorn til Urnes. Den nasjonale turistvegen, Sognefjellsvegen, går frå Gaupne gjennom mange små bygder langs nordsida av fjorden til Skjolden, og held fram derifrå over Sognefjellet til Lom. Den smale og fredelege strekninga mellom Urnes og Skjolden vert ofte kalla "den romantiske vegen". Meir om Lusterfjorden: Sørsida – "Den romantiske vegen" Vegen langs sørsida, mellom Urnes og Skjolden, vert kalla Den romantiske vegen. Her køyrer du på smale og svingete vegar gjennom små, idylliske grender. Sørsida har ei spennande historie, og fleire stader kan du besøke eineståande turistattraksjonar.

Den mest kjende attraksjonen er Urnes Stavkyrkje, som er den eldste stavkyrkja i Norge og står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i verda. I Kroken ligg Munthehuset som var møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst nokre av dei fremste norske kunstmålarane i den nasjonalromantiske perioden (første halvdel av 1800-talet). Både Flintoe, J.C.Dahl, Fearnley, Tidemand og Gude mfl. besøkte denne perla ved Lusterfjorden for å arbeide og hente inspirasjon. Munthehuset er i dag restaurert og ope for besøkande etter avtale.  På Sørheim starta den fyrste saft- og syltetøyproduksjonen til Lerum, som i dag er den største saft-, syltetøy- og juiceprodusenten i Norge. Den vesle fabrikken, Safthuset, vart bygd i 1909, og er no open for omvising etter avtale. Mellom Sørheim og Kroken finn du den majestetiske Feigumfossen. Med eit fritt fall på 218 meter, er dette eit av dei aller høgste fossefalla i Norge. Fotturen inn til fossen tek berre 30-40 minutt.

Nordsida – Den nasjonale turistvegen På nordsida av fjorden ligg den vesle, idylliske strandsitjarstaden Solvorn. Her kan du vandre rundt i eit av dei best bevarte bygningsmiljøa ved Sognefjorden, og besøke Galleri Walaker i det historiske hotellet Walaker Hotell. Gaupne er kommunesenteret ved Lusterfjorden, og her startar den nasjonale turistvegen (RV 55) som går langs fjorden til Skjolden og over Sognefjellet til Lom. Du kan sjå litt av Jostedalsbreen herifrå, men dei fleste køyrer den korte avstikkaren inn til Nigardsbreen for å sjå blåisen på nært hald og for å vere med på breturar.

I Gaupne kan du og besøke den gamle kyrkja (Gaupne gamle kyrkje), som truleg er bygd i 1647 og inneheld deler av ei eldre stavkyrkje. Lenger inne i Lusterfjorden finn du Dale kyrkje i bygda Luster. Dette er ei særmerkt steinkyrkje frå 1200-talet, med gotisk arkitektur og veggmåleri frå 1400-talet.

Den nasjonale turistvegen og "Den romantiske vegen" møtest i den vakre bygda Skjolden innerst i fjorden. Her finn du mellom anna Fjordstova, som har klatrevegg, symjebasseng, bibliotek, husflidsbutikk, utstillingar og ein kafe med fantastisk utsikt utover Lusterfjorden. Den verdskjende, austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) heldt i periodar til på Skjolden i byrjinga av 1900-talet, og skreiv nokre av sine viktigaste verk her. I eit brev til ein venn skreiv han i 1936 føljande om Skjolden: "Eg kan ikkje tenkja meg at eg kunne ha arbeidd slik nokon annan stad som eg gjer her. Det kjem av roa her, og kanskje også av det vedunderlege landskapet. Eit landskap fylt av stille alvor."

Kontakt

Adresse:
  • Øyagata 66
  • 6868 Gaupne
Telefon:
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
skjolden.com/

Hvor er Lusterfjorden - inn mot Jotunheimen?