Hopp til hovedinnhold

Idretts- og familieavdelinga tilbyr trening, leik og oppleving for både store og små. - 25m idrettsbasseng med 6 baner, 27˚C - Stupetårn; 1m og 3m sviktbrett, 3m og 5m fast plattform. - Klatrevegg i glas, -slepp deg rett ned i vatnet! - Sklie med tidtakingssystem, ca 65m lang og 7m fall. - Droppsklia -kort og bratt! - Knøttebasseng med fontene og sklie, 33˚C. - Barnebasseng med luftbobler, 33˚C. 

 

Velværeavdelinga har ein roleg og avslappande atmosfære. - Varmebasseng, 34˚C, som inneheld liggjebenk med luftmassasje, sitjebenk med vatnmassasje og 4 motstrømsdyser. - Grotta, 39˚C,- med sitjebenk og vatnmassasje og 10m rett opp i mørket samt skiftande fargelys under vatn gir ei spesiell oppleving! - Dampbadstove og badstove. - Kvilebenk og dusj. Frå badstoveavdelingen er det dør ut til kulpene under open himmel! - Kaldkulp, 8-12˚C. - Varmkulp med vatnmassasje, 39˚C. - "Rulle-i-snøen-sone" om vinteren og sitje- og liggjemøblar sommarstid.

 

Kafeteria med servering inn i badeanlegget, i resepsjonsarealet og ute på terrassen om sommaren. 

 

I resepsjonen er det sal av badeklede, svømmebriller, badehetter og badeleiker.

 

Garderobane har låsbare skap (du treng ein tiar) og skiftebås.

 

Det er i tillegg 2 fleirbruksgarderobar tilpassa rullestolbrukarar og familier. Dei har begge polstra heve og senke stellebord med sidegrind, og det finst òg ein dusjstol og ein rullestol.

Kontakt

Adresse:
  • Øyagata 7B
  • 6868 Gaupne
Telefon:
57 68 56 80
E-post:
plask@lustrabadet.no
Nettside:
www.lustrabadet.no

Hvor er Lustrabadet?