Hopp til hovedinnhold

Med Lurefjorden på den eine sida, og den indre farleia på den andre, finn du Lyngheisenteret, vakkert plassert i det historiske kystlandskapet i Lindås, Nordhordland. Her kan du senke skuldrene, nyte ein fantastisk utsikt til fjord og fjell, og få servert kortreist, heimelaga mat i restauranten. Du kan gå tur på flotte, tilrettelagde stiar i lyngheiene, eller sjå film og utstilling, gå på gardsbesøk, leige sykkel eller fiskestong, og er du heldig kan du sjå både ørn og villsau.

Lyngheisenteret vart opna av dronning Sonja i 2000, og er i dag den einaste staden i Europa kor du kan oppleve autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som er tilrettelagt for publikum. Det er eit levande museum som ligg innunder paraplyen Museumssenteret i Hordaland, og som har som oppgåve å formidle vestnorsk kystkultur i tillegg til vern av lyngheiane. Informasjonsbygget har restaurant, møterom, kinosal og museumsbutikk.

I 2001 fekk Lyngheisenteret UNESCO sin globale kulturlandskapspris for arbeidet med å verne kulturlandskapet, og i 2005 vart Lyngheisenteret tildelt Europarådet - Europa Nostra sin kulturlandskapspris, 'for its pioneering role in the protection of authentic heathland, and the maintenance of its biological diversity and traditional knowledge' EUROPANOSTRA.

Korleis komme seg til Lygra:
Du kan dra til Lyngheisenteret med båt, bil og buss.

Båt: Det går hurtigbåt morgon og ettermiddag frå Strandkaiterminalen i Bergen, sjå norled.no. Ein nydeleg båttur på 40 minutt. Frå Lygra kai er det ein 10 – 15 minutts fin spasertur til Lyngheisenteret.

Bil: Det tar omlag1 time å køyre frå Bergen til Lygra, og ca. 30 min frå Knarvik. Følg E39 nordover, i rundkøyringa før Knarvik ta til venstre (RV57) mot Leirvåg (Mongstadvegen), følg RV57 til Seim og skiltinga vidare til Lygra og Lyngheisenteret. For ein flott rundtur og bilturoppleving, kan det anbefalast å køyre FV404 tilbake via Alverstraumen.

Buss: Det går rutebuss frå Bergen til Knarvik, og vidare derifrå til Lyngheisenteret. I Knarvik vel du buss 311-313 til Lygra snuplass. For rutetabell, sjå skyss.no. NB! Billettprisen ut til Lygra er den same som i Bergen

Overnatting:
Overnatt i Magnusgarden, et sjarmerende eldre gårdshus, eller i hybel på Lygra Gjestegard.

For grupper:

I informasjonsbygget på Lyngheisenteret fins det tre ulike rom til utleige:

Matstova:
• 100 m2
• Ved matservering kan det dekkes til 80 personar på langbord
• Til konsert, foredrag mm (berre stolar, ingen bord) ca 150 personar

Møterommet:
• 55 m2
• Stoler og bord, opp til 30 personar
• Berre stolar, opp til 60 personar

Auditoriet:
• 110 m2. Ca 50 m2 på golv nede ved lerret.
• 49 fastmonterte seter (dei fleste med lite klaffebord)
• Plass til ca 20 lause stolar + mogeleg å sitje i trapper på kvar side.

Det finnes ca 150 stolar til saman på heile huset.

Tider

Fra 23. april til 28. september

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
Stengt
Onsdag:
11:00–15:30
Torsdag:
11:00–15:30
Fredag:
11:00–15:30
Lørdag:
11:00–15:30
Søndag:
12:00–17:00

Fra 26. oktober til 26. oktober

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
12:00–16:00

Fra 30. november til 30. november

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
12:00–16:00

Priser

Honnør/student:
NOK 70
Voksen:
NOK 100

Kontakt

Adresse:
  • Ytre Lygra
  • 5912 Seim
Telefon:
56 35 64 10
E-post:
lyngheisenteret@muho.no
Nettside:
www.muho.no/lyngheisenteret

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Grønne sertifiseringer

Lyngheisenteret på Lygra - Museumssenteret i Hordaland har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Lyngheisenteret på Lygra - Museumssenteret i Hordaland