Hopp til hovedinnhold

Lygnstøylvatnet ligg i Norangsdalen ved Hjørundfjorden, mellom Øye og Hellesylt. Deter eit dalføre rikt på både natur-og kulturopplevingar. Vatnet vart danna av eit ras frå keipen i 1908. I vatnet ser ein enno restar etter den gamle vegen, setermurane og grinda.

Det er historisk sus over Norangsdalen. Ved forrige århundreskifte ankra turistskipa opp ved Øye. Hestekjerrene frakta mang ein namngjeten person på den gamle ferdselsvegen gjennom dalen til Hellesylt, og etter "Silver Cruise" i 1993, fekk Norangsdalen tilnamnet "Dronningruta". Mange dronningar har teke turen gjennom Norangsdalen.

Kontakt

Adresse:
  • 6150 ØRSTA
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Lygnstøylvatnet