Stad

Rosendal

Turkart

Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt

Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen.

Parkering

Følg vegskilt "Fossberg" frå vegdelet før Baroniet.  P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta på sti opp Murabotnen.

Gradering Raud.

Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

150 – 890 moh.

Tidsbruk

5 timar t/r.

Gode råd

Ved stor vassføring kan bekken oppe i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ til retur same veg kan vera retur til stidele mot Guddal, eller stien frå Malmangernuten direkte ned til Rosendal. Sjå rutene "Malmangernuten frå Rosendal" og "Skeisfjell"

Turomtale

Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs grusveg til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen, og til høgre i stidele med Skeisfjell. Herfrå til stidele mot Guddal og vidare langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen ut til Malmangernuten. Utsyn til vassdrag og mektige fjellområde, bygder, fjordar og hav. 

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:

Hvor er Malmangernuten frå Hattebergsdalen?