Stad

Rosendal

Turkart

Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt

Rosendal Fjordhotel

Parkering

Øvre P-plass ved Rosendal Fjordhotel.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. T-merka med skilt og vardar.

Gradering

Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

0 –  890 moh.

Tidsbruk

4 timar t/r.

Gode råd

Alternativ retur kan vera stien frå Malmangernuten langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen til stidele mot Guddal, eller til stidele mot Rosendal ned den bratte Murabotnen. Sjå rutene "Malmangernuten frå Hattebergsdalen" og "Skeisfjell".

Turomtale

Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel tvers over riksvegen til skilt og merking langs gangvegen til Skeie der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog.  Mellom Høyklepp og Hjort har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å sikra det bratte området.

Flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger, med hav, fjordar, vassdragsnatur og mektige fjellområde.

For oppdatert turskildring, sjå ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5470 ROSENDAL
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Malmangernuten frå Rosendal?

Fjord Norways sekundærlogo