Hopp til hovedinnhold

Stien startar på traktorveg/grus­veg før den etter 1,5 km går bratt oppover i skogen til Steinkveane, der det er bord og benkar for dei som vil kvile seg litt. Derifrå går stien i varierande skogsterreng til den nedlagde stølen Svolsete. Her er det også bord og benkar.

Etter Svolsete er det fjellterreng med nokre bratte bakkar opp til toppen. Ta deg tid til ein tur rundt heile toppen slik at du får med deg utsikta til alle kantar.

I nord ser du Luster sitt kommunesenter, Gaupne, med Jostedalsbreen og det karakteristiske fjellpartiet Hesten i bakgrunnen. Vidare mot aust ser du turområdet Engjadalen, markene på Nes og Lustrafjorden/Sognefjorden. Inst ligg Skjolden, Hurrungane og Jotunheimen nasjonalpark med dei høgste fjella i Norge. Mot sør ser du utover fjorden mot Urnes, der den eldste stavkyrkja i Norge står (UNESCO-verdsarv) og vidare kan du sjå Store Haugmelen og Hafslovatnet.

Kontakt

Adresse:
  • Marifjøra
  • 6873 Marifjøra
Telefon:
E-post:
Nettside:
ut.no/turforslag/118393/topptur-til-molden-fra-marifjra

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)

Hvor er Marifjøra - Oppheimshaugen - Molden?