Stad

Rosendal

Turkart

Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt

Kletta.

Parkering

Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum  til P-plass ved stoppskilt på Kletta.

Merking

Informasjonsstavle ved P-plassen. Herfrå 300 m langs vegen utan merking, før stien svingar opp mot Skarshaug.

T-merka med vardar og skilt.

Gradering

Svart. Ekstra krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

160 – 1426 moh.

Tidsbruk

4 timar opp, litt mindre ned.

Gode råd

Ta med ekstra drikke.

Turomtale

Frå P-plassen 300 m langs vegen, før stien svingar opp mot Skarshaug. Stien går først i utmark og blandingsskog. Over tregrensa følgjer stien små rygger og dalar, dei spesielle Rindane. Første toppen, Skarshaug, er halvvegs til Melderskin. Siste stykket opp hit har sherpaer frå Nepal sikra med trapper. Flott utsikt. Dalen mot søraust er Hattebergsdalen, ein viktig innfallsport til Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark. Vidare oppover blir underlaget meir stein og lite vegetasjon. Ei uventa oppleving er moseteppet og det friske kjeldevatnet i Holo. Her ligg ofte snøfonnene heile sommaren. Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913. Storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna. Melderskin vert ofte kalla "Dronninga blant Hordalandsfjella".  

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5470 ROSENDAL
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Total stigning:
  • 1463m
Vanskelighetsgrad:
  • Ekspert (svart)
Avstand:
  • 10.9km
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde

Hvor er Melderskin - "Dronninga blant Sunnhordlandsfjella"?