Hopp til hovedinnhold

Eit eldorado for utandørsaktivitetar - heile året Midtfjellet Vindpark er med sine 44 vindmøller ein av dei aller største i sitt slag i Noreg. Med ein framifrå infrastruktur av vegar og ei lysløype er fjellet no lett tilgjengeleg for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, skileik, skitur i preparerte løyper, fisketurar og familieturar i omgjevnader der dyre- og fuglelivet er rikt. Kulissane med dei majestetiske vindmøllene gjer det heile unikt og spesielt.

Ope og tilgjengeleg

Midtfjellet er eit heilårsope "tilbod" for alle. Det er fritt tilgjenge i heile fjellet!   

Her er det godt tilrettelagt for vandring, offroad-sykling, og for barnefamiliar. Vegen i Midtfjellet vindpark er veleigna for både gåande, barnevogn og offroadsyklistar. Vegen er universelt utforma. Det vert arrangert ulike aktivitetsdagar i Midtfjellet vindpark. Følg med på facebooksida til Midtfjellet.

Tilkomst

Vindparken kan du nå gjennom eit utal av stiar frå ulike delar av kommunen. Ynskjer du å nytta hovudvegen inn i parken, tek du av frå riksveg 545 ved Rimbareid, om lag 1,5 kilometer sør for Fitjar sentrum. 

Det er asfaltert veg opp til vindmølleparken med parkering til ca. 50 bilar. Her køyrer du heilt opp til fjellet, kor du går rett ut på 27 km med grusveg. Vegane mellom vindmøllene er merka med nummer.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 5419 Fitjar
Telefon:
+47 53 45 85 00
E-post:
fitjar@fitjar.kommune.no
Nettside:
www.fitjar.kommune.no

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Midtfjellet vindpark?