Hopp til hovedinnhold

Det som byrja ved høvelbenken i kjellaren vart til verdskjende ikon og storindustri. Om korleis Sunnmøre vart eit kraftsenter for møbelindustri, med kundar over heile verda. I den faste utstillinga kan du sjå møblar frå heile den meir enn hundre år lange historia til norsk møbelindustri.

Historia

Tungt arbeid i landbruk og fiskeri lærte sunnmøringen verdien av å sitje godt når han endeleg kunne slengje seg nedpå. Møbelbransjen har gjort skam på bedriftsøkonomiske teoriar om kor viktig det er med kapital og lett tilgang til råvarer og marknad. For det stod på ingen måte skrive i stjernene at desse brattlendte bygdene i vest skulle bli eit tyngdepunkt for norsk møbelproduksjon.

Museet er eit dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien. Møbelmuseet har eit rikhaldig bibliotek, arkivmateriale frå ei rekkje møbelbedrifter, biletarkiv og ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå starten tidleg på 1900-talet og fram til i dag.

Ope: Onsdag 12 - 16
Elles ope etter avtale. Kontakt tlf. 900 18 419

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Viti

Se alle tilbudene til Viti

Tider

Andre dagar enn onsdag: Etter avtale

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
Stengt
Onsdag:
12:00–16:00
Torsdag:
Stengt
Fredag:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
Stengt

Priser

Vaksen:
NOK 70
Gruppe +10 (per pers):
NOK 50
Barn:
Gratis

Kontakt

Adresse:
  • Storgata 18
  • 6230 Sykkylven
Telefon:
+47 70 23 90 00
E-post:
post@vitimusea.no
Nettside:
www.vitimusea.no/musea/mobelmuseet

Fasiliteter

Toalett:
Guiding tilgjengelig:
Parkering:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Møbelmuseet?