Hopp til hovedinnhold

Ved å køyre bomvegen og følgje båten over, kjem du heilt inn til den imponerande fronten av Nigardsbreen, og du kan vere med Jostedalen Breførarlag på bretur.

Jostedalen og Jostedalsbreen er av dei mest verdsette turistmåla i landet vårt. Den mest kjende brearmen i Jostedalen er Nigardsbreen.

Det er hit Brevegen AS ynskjer deg velkomen. Brevegen AS er ei reiselivsverksemd i Jostedalen i Sogn.

Mellom Breheimsenteret og Nigardsbreen driv me ein bomveg, over 3 km lang, og båtskyss på Brevatnet med båtane MS Jostedalsrypa og MS Vitlerypa.

Vegen går gjennom eit svært interessant morenelandskap, der isen låg fleire hundre meter tjukk på 17- og 1800-talet. Alt dette og meir til kan du lære om i Breheimsenteret.

Kontakt

Adresse:
  • Brevegen 351
  • 6871 Jostedal
Telefon:
57683250
E-post:
post@brevegen.no
Nettside:
www.brevegen.no

Hvor er M/S Jostedalsrypa - båtskyss på Brevatnet?