Hopp til hovedinnhold

På fastlandet lengst sør i Kinn kommune ligg Stavang, der fylkesveg 542 og 611 møtast via bilveg, og der Brufjorden og Førdefjorden møtast via båtvegen.

Stavang er ei perle med høge fjell med mange oppmerka turar til Hornfjellet og Skålefjellet for å nemne nokre. Nede ved sjøen er det eit yrande liv mellom holmar og skjær med vakkert landskap. Midt i denne perla ligg Nærbutikken Stavang Landhandel. Ein butikk som er ein moderne kramhandlar, der man kan få tak i fiskeslukar, kakefat, hoppestrikk, strikkegarn, pynteting og hammar med meir, i lag med vanelge daglegvarer.

Nærbutikken Stavang Landhandel

Hos Nærbutikken Stavang Landhandel kan du finne

  • Daglegvarer
  • Fiskeredskap
  • Bensin, diesel og diverse andre oljeprodukt
  • Post i butikk
  • Tipping
  • Postnord utlevering
  • Bubilhamn med straum
  • Gjestehamn for båt med straum

I og rundt Stavang av fasilitetar og opplevingar finn du

  • Kyrkje
  • Taxibåt
  • Pub med enkel servering
  • Overnatting (Haavetunet)
  • Badeplass
  • Ausevika Helleristningsfelt
  • Husmannsplass Kvernafossen
    • Gravrøyser, steinsirklar og spor etter gamle buplasser frå sein steinalder i Langeneset.

Stavang ligg i ei perle med sjø og fjell rundt seg. Med oppmerka Nordsjøløyper og andre merka turstiar har man eit stort utval av ruter ein kan gå både i og rundt Stavang. Du finn også fine turer på Stavøy, i Standal / Svortevik og i Høydalen. Det er fint å parkere bubilen til Nærbutikken Stavang Landhandel. Her har du tilgang til dusj, vaskemaskin og tørketrommel.

Skjærgarden rundt Stavang har med sine rike fauna og dyreliv mange fine holmar, skjær og lune viker der ein kan nytte det maritime gode liv. Gjestehamna ved Nærbutikken Stavang Landhandel kan du velge med eller utan straum, wc der ein har tilgang til dusj, vaskemaskin og tørketrommel.

I lokalet ved Nærbutikken, like ved sjøen ligg da ein pub med alle rettigheitar og med enkel matservering.

Haavetunet

Treng du ein stad å bu når du ferierar, eller treng du eit selskapslokale så er Haavetunet gjerne plassen for deg. Ein staseleg kvit bygning frå ca. 1850 midt i bygda.

Taxibåt frå Stavang

Ønskjer ein å vere nokre ekstra dagar for å besøke ei av øyane i Florabassenget har ein moglegheit til å leige taxibåt frå Stavang.

Tider

Sjølvbetent butikk heile året

Ukedager:
07:00–23:00
Lørdag:
07:00–23:00
Søndag:
07:00–23:00

Betent opningstider heile året

Ukedager:
10:00–17:00
Lørdag:
10:00–16:00
Søndag:
Stengt

Kontakt

Adresse:
  • Stavang
  • 6944
Telefon:
57748512
E-post:
narbutikken.stavang@narbutikken.no
Nettside:
narbutikken.no/Finn-butikk/Narbutikken-Stavang-Landhandel/

Fasiliteter

Parkering:
Toalett:
Barnevennlig:
Kafé:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Hvor er Nærbutikken Stavang Landhandel, mykje meir enn ein butikk?