Hopp til hovedinnhold

Nasjonale turistveger er 18 utvalde køyreturar gjennom det finaste av norsk natur. To av dei utvalde strekningane er i Hardanger, Nasjonal turistveg Hardanger og Nasjonal turistveg Hardangervidda.

Nasjonal turistveg Hardangervidda tar deg frå høgfjellsplatået Hardangervidda (1250 moh) til kanten av Hardangerfjorden. Den 67 km lange strekninga går mellom Haugastøl og Eidfjord  (veg 7), og delar av turen er gjennom Hardangervidda nasjonalpark. Dette er ei rute med store landskapskontrastar, og du må ta deg tid til å nyte inntrykka undervegs. Hovudattraksjonen langs strekninga er Vøringsfossen, men det ligg og til rette for å oppleve mange andre attraksjonar og aktivitetar. Legg gjerne inn overnatting som del av turen.

Langs dei Nasjonale turistvegane et det laga besøksanlegg og attraksjonar med fokus på arkitektur og landskap. Anlegget ved Vøringsfossen er eit av dei mest spektakulære, med mange utsiktspunkt over fossen og fossejuvet. Om du vil kjenne kribling i magen må du gå den unike brua over utspringet til Vøringsfossen. Du kan og gå ein tursti gjennom juvet inn til det kjende fossefallet.

Kontakt

Adresse:
  • Hardangervidda 498
  • 5785 Vøringsfoss
Telefon:
22073000
E-post:
firmapost@vegvesen.no
Nettside:
www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/hardangervidda

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Nasjonal Turistveg Hardangervidda?