Velkomne til Besøkssenter villaks Lærdal
I Lærdal ligg eitt av fire autoriserte besøkssenter villaks i Noreg. Senteret tek elva med levande laksar, lakseungar og sjøaure inn i bygget.
I utstillinga kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva til han møter fossen der han ikkje kjem lengre. Kva møter han på sin veg? Kva har laksen betydd for oss? Korleis står det til? Korleis påverkar mennesket livet hans før og no? Korleis ser framtida ut? Med laksen som døme får du innblikk i korleis me forvaltar naturen, mangfaldet og artane, om me er berekraftige.
Me har ei løype med enkle spørsmål for dei minste, quiz for familien og interaktive fordjupingsstasjonar for dei spesielt interesserte. Du kan flyge med drone langs elvi opp dalen i vakre haustfargar, eller sjå kva som skjer under vatnet gjennom året. I tillegg til laks og sjøaure dukkar det opp både kobbe, ål og oter. Er det noko du lurer på om laksen, kan du spørje og få svar frå Kong Salomon, vår KI-robot.
Frå taket kan du sjå ned på laksane i senteret og nyte utsikta over fjorden og elva.
Senteret er også eit godt utgangspunkt for tur til dagsturhytta med oversikt over dalen og bygda, ein spasertur langs elvi eller til det idylliske verna trehusmiljøet på Lærdalsøyri.
På same stad kan du nyte god kortreist mat frå Laksen bakeri og kafé i eit roleg miljø inne eller ute, eller få ei kunstoppleving på Sogn kunstsenter.
Besøkssenter villaks Lærdal held ope kvar dag frå 1. mai til 30. september.
Eit besøk er ein aktivitet og oppleving for heile familien.
Laksen bakeri og kafè
I same bygget finn du Laksen bakeri og kafè som servera dei nydelegaste bakverk med kald og varm drikke samt take away pizza.
Sogn Kunstsenter
I samme hus som Besøkssenter villaks Lærdal ligger Sogn kunstsenter. Like før Lærdalskunstneren Hans Gjemse døde i 1994, ga han heile livsverket sitt til Lærdal Kommune. Omlag 1500 av hans kunstverk i form av skisser og ferdige verk er presentert i Sogn Kunstsenter.
