På Huglo, den største øya i Stord kommune, går det ei fem kilometer lang kulturløype gjennom skog og mark. Undervegs kan ein sjå nedlagde kopargruver og Kuhidlaren, som var bustad for fiske- og fangstfolk for 3500 år sidan.

God parkering der turen tek til, i enden av asfaltvegen.
Turen tek til på Sørhuglo (Tveit), ca 6 km frå ferjekaien, ved eldhuset til Arne Sortland. Stien går gjennom skogsområde og kulturlandskap. Gjennom løypa finn ein fleire forminner som kvedno, kalkomn, kisgruver, trollskog, kuhidlaren og kjelda til fruktbarheit og visdom. Turen går forbi Tveitavatnet, som er det største vatnet på Huglo.

Eit høgdepunkt på turen er Sjønhamar, der ein får utsikt mot Halsnøy, Fjelberg og Etnefjella. Langs stien er det satt opp ulike opplysningsskilt om lokalhistorie, plante og dyreliv.

Løypa er ca 5 km lang, tar ca 2 timar og passar for alle

Kontakt

Adresse:
  • 5417 Stord
Telefon:
53 49 66 00
E-post:
Nettside:
www.nrshf.no

Hvor er Natur og kulturløypa på Huglo?