Nigardsbreen er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane i Sogn.
Her kan du leige deg ein breførar som tar deg trygt opp på isen på brevandring eller du kan vandre inn til foten av isen. I dette området er du både i eit polarstrok på vatnet framfor breporten og i eit område som viser korleis landet vårt vart til i elvedeltaet nedanfor. Viss du ønskjer å lære å gå på bre og ta breen i bruk, bør du kontakte Jostedalen Breførarlag
Korleis koma seg dit
Frå Gaupne følger du vakre Jostedalen i bil eller med brebuss, opp til Breheimsenteret, informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå Breheimsenteret er det 3km til parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet.
Frå enden av parkeringsplassen ved Nigardsvatnet kan du gå merka sti inn til breen eller bli med på ein kort båttur over brevatnet. Frå enden av vatnet kjem du tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen.
Sikker ferdsel
Det er fint å gå inn til fleire av breane i Jostedalen. Nigardsbreen og Bergsetbreen er dei mest besøkte breane, men Tuftebreen og Fåbergstølsbreen er òg verd eit besøk.
Isbrear er i rørsle og det kan rase store isblokker frå den utan forvarsel. Isras kan vere farlege, og kan også sperre for smeltevatnet slik at det oppstår plutselege flaumar eller endring av elveløp. Stein kan losne frå dei bratte fjellsidene, særleg når det er regn og uver. Unngå å opphalde deg i område der det kan kome isras, plutselege vassmengder eller steinsprang.
Skal du opp på breen eller heilt bort til den, rår vi deg til å gå med ein guide som kan vurdere forholda. Svaberga blir glatte når det er vått, så sko deg godt! Følg skilting av omsyn til deg sjølv og andre, og få ei god oppleving ved Nigardsbreen, eller andre breutløparar.

