Bestill

Norheimsund RIB Seafari tek deg rett inn i hjarta av Hardanger. Om bord i den komfortable, opne RIB-båt får du nærkontakt med dette verdskjende fjordområdet med fossar forma av erosjon og smeltande is for tusenvis av år sidan.

Etter å ha kryssa den majestetiske Hardangerfjorden, tek fartøyet deg opp det ti kilometer lange og tronge Fyksesundet til Botnen. Ei veglaus grend, avsides, endå til etter norsk standard.

Tusen meter høge fjell stuper direkte i sjøen. Fyksesundet med fossar og stupbratte fjellsider gløymer du ikkje.

Rute: Norheimsund-Aksnesholmane-Herand-Fyksesund-Botnagrend-Kvamsøy-Norheimsund. Avgang: frå Norheimsund Gjestehamn, 150 meter frå bussterminalen.   Varigheit: 90 minutt i båten pluss draktskift og briefing. Oppmøte: 15 minutt før avgang for draktskift og briefing. Alder: 4 år og oppover. Høg alder ingen hindring. Turen er ikkje eigna for personar med rygg- eller nakkeskadar.

Korrespondanse frå Bergen: Rutebuss nummer 925 frå terminal O, Bergen Busstasjon.

Kontakt

Adresse:
  • Kaien 10
  • 5600 Norheimsund
Telefon:
4811 4282
E-post:
info@norheimsundrib.no
Nettside:
www.norib.no/

Hvor er Norheimsund RIB Seafari?